Gå til innhold

Fiola

Medlem
  • Innholdsteller

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Nøytral

Om Fiola

  • Rang
    Ny
  1. Ja, no har me vore veldig flinke!!! 😋 Motivasjonen er fortsatt på topp, ja!! Til no har eg stort sett vore åleine heime, så det har vore lett å planleggja sunne og kalorifattige måltid, og å halda seg til planen. Kryssar fingrane for at det går like fint no når kjærasten kjem heim frå Nordsjøen! 🤔😊 Takk til Silje som held styr på tala våre!! 💐
  2. God morgon, damer!! Og bra jobba av både Nissemora og Silje!! Her har det gått så det susar dei to vekene eg har vore i gong. Tenkjer også som deg, Silje, at det går lettast no i starten. Eg har lege på ca 1300 kcal i snitt, trur eg, men eg har fortsatt ikkje vore svolten på desse to vekene. Vekta mi den 7. januar var 78,3 og i dag viste ho 76,3, noko eg er superfornøyd med! Håpar berre ikkje det går for fort og at kroppen går i krisemodus... Ha ein fin dag vidare!!
  3. Synest hunden din er heldig, Nissemora! Eg har ein jaktgolden som også treng eindel aktivitet, og jo meir han får, jo lykkeligare blir han! Å auka aktivitetsnivået mitt mtp tur blir derfor ein vinn-vinn-situasjon for oss begge! Eg tenkjer at han i alle fall fortenar minst 1 time samanhengjande tur kvar dag, men helst 1,5 t (men det er lenge sidan no 🤔). Morgon og kveld blir det stort sett berre tissing i hagen her. I morgon er det veging! Blir spennande!! Snakkast, damer! 😊
  4. Ja, eg har og eit par klesplagg hengande som ikkje er i bruk. Det eine er ei Norrøna-bukse som eg har ønska meg i fleire år. Når eg endeleg fekk kjøpt ho, sat ho som STØYPT over magen, dvs. glidelåsen på magen kunne AKKURAT lukkast att, men då var sitjing eit ikkje-alternativ! 🤣 No får eg ikkje att glidelåsen i heile tatt. Det andre er bunaden. Får han vel kanskje på meg med god hjelp av ein sterk kjærast som stroppar meg saman, men også då føretrekkjer eg å stå... (Litt upraktisk å innta middagen ståande i konfirmasjonar o.l.🤣). Enig med Gunnelin at det motiverer til å fortsetja å vera flink med maten dersom ein ser at vekta går ned, så eg må innrømma at eg veg meg dagleg... (Sjølv om Grete seier nei til det! 🙈
  5. Ja, eg har og eit par klesplagg hengande som ikkje er i bruk. Det eine er ei Norrøna-bukse som eg har ønska meg i fleire år. Når eg endeleg fekk kjøpt ho, sat ho som STØYPT over magen, dvs. glidelåsen på magen kunne AKKURAT lukkast att, men då var sitjing eit ikkje-alternativ! 🤣 No får eg ikkje att glidelåsen i heile tatt. Det andre er bunaden. Får han vel kanskje på meg med god hjelp av ein sterk kjærast som stroppar meg saman, men også då føretrekkjer eg å stå... (Litt upraktisk å innta middagen ståande i konfirmasjonar o.l.🤣). Og for ein fantastisk motivasjon du Kaisa har, med å feira bryllupsdag med same vekt og på same plass som for 5 år sidan! ❤️ Enig med Gunnelin at det motiverer til å fortsetja å vera flink med maten dersom ein ser at vekta går ned, så eg må innrømma at eg veg meg dagleg... (Sjølv om Grete seier nei til det! 🙈). Eg er litt usikker på kva som skal registrerast under kosemerker. I går åt eg jo frukt og vaniljekesam for å døyva kosebehovet, men skreiv det som mellommåltid. Eg er også svak for Nescafe sin Mocha, og drikk ein kopp med det etter middagen i ny og ne, og dei har eg ført som kosemerker. Tenkjer at eg skal kunna unna meg både lakrissmokkar og anna digg på sikt, men er redd for å havna "utpå" om eg først startar. (Omtrent som ein nylig tørrlagt alkoholikar... 🙈). I dag er det lordag, og fridag, og eg skal prøva å få til ein litt lengre tur med lykketrollet mitt av ein hund! Kor lange turar plar de andre gå med hundane dykkar? Ha ei nydeleg helg alle saman! 😊
  6. Tusen takk for at du la inn meg også, Silje!! 😊 67 kg er eit toppers mål!! Har de andre planlagt nokon form for "belønningar" når de når mål eller delmål? Eg la nett inn belønningar for annakvart kilo eg går ned. Eitt mål er f.eks at når eg kjem under 70 kg, skal eg kjøpa meg ei sånn tøff Farmen-turbukse som eg har ønska meg! Kunne jo ha kjøpt ho før også, men synest ikkje turbuksene sit så fint på meg nett no for tida... 🙈 Elles har eg vore flink med kosthold heilt sidan 1. nyttårsdag, synest eg! Men helgene blir nok ein større utfordring for meg (også) enn vekedagane. I dag f.eks, fekk eg så innmari lyst på salte lakrissmokkar då eg var innom på butikken, men kom meg heldigvis ut av butikken med æra i behold og handleposen full av jordbær, blåbær, kiwi og kesam som erstatning for dei salte lakrissmokkane som eg EIGENTLEG hadde lyst på... 🤣 Så eg er fornøyd med valget, sjølv om eg tippar at det vert i overkant kaloriar i løpet av kvelden. Grethe Roede-pizza-ingredienser er nemleg også handla inn... 🤪 Fleire oss som har hund her, og eg er einig i at det er suuupert selskap og ein ypperleg turkompis å ha!! Ikkje mykje "nei" der, gitt! 😆 Dagens tur er unnagjort, og sofaen kallar....
  7. Hei! Har de plass til meg og? Etter ein laaaaaang periode utan å ha vegd meg, berre kost meg masse, troppa eg opp på syster mi si badevekt i jula, og oppdaga med skrekk og gru at tilstanden var adskillig verre enn frykta! Vekta viste over 80 kg! Målet mitt er å komma tilbake til 68-70 kg, og kanskje til og med 65-67 om eg er skikkeleg flink!! Har gått på nettkurs før, så eg veit at det funkar om eg berre er tolmodig nok. Starta med kaloritelling (maks 1600 kcal) første nyttårsdag, og då viste vekta 79,2. Det "offisielle" målet mitt er 67 kg, for å komma i kategorien "normalvektig". Er ikkje så flink til å trena, men har ein hund som får meg ut kvar dag stort sett! 😊
×